Fargeriet Kafe er eigd og vert driven av Stiftelsen Hiimsmoenkollektivet.

Fargeriet Kafé er ”vårt ansikt utad” i bygda, her møtest bygdefolk og tilreisande til god mat og trivelig samtale.

Kaféen vert brukt til arbeidstrening for ungdom som har opphald på kollektivet, og her jobbar ungdom frå kollektivet og ungdom frå bygda saman.

Heimelaga mat

Fargeriet er ein kultur-kafé med god heimelaga mat og intim atmosfære. Vi satsar spesielt på mat frå Ryfylke, både i høve til råvarer og meny.

Maten vert laga frå botnen av; deigane vert elta og bakte ut, kakene vert piska saman og steikte og sausar og suppe vert kokte.

Lokale råvarer

Vi legg vekt på å handle frå lokale leverandørar:

Lammekjøt av villsau tek vi imot kvar haust frå Janne og Jan Halvard Møgedal. Vi saltar komlekjøtet, og det ferske kjøtet vert nytta til pita, lammekoteletter, skankar og gryterettar.

Kalvekjøt får vi frå garden Rød i Erfjord, frå Tormod Skeie. Hjortekjøt får vi frå Eventus i Suldal. 

Hos Venke og Rolf Bersås på garden Veka får me svinekjøt og aure frå Suldalsvatnet.

Laksen kjem frå Mikals Laks på Skiftun, i nabokommunen Hjelmeland.