Fargeriet Kafé er eigd og vert driven av Stiftelsen Hiimsmoenkollektivet.


Hiimsmoenkollektivet driv behandling og undervisning av ungdom som er plassert av barnevernet.

Fargeriet Kafé er ”vårt ansikt utad” i bygda, her møtest bygdefolk og tilreisande til god mat og trivelig samtale.
Kaféen vert brukt til arbeidstrening for ungdom som har opphald på kollektivet, og her jobbar ungdom frå kollektivet og ungdom frå bygda saman.

 

Heimelaga mat 

Fargeriet er ein kultur-kafé med god heimelaga mat og intim atmosfære. Vi satsar spesielt på mat frå Ryfylke, både i høve til råvarer og meny.
Maten vert laga frå botnen av; deigane vert elta og bakte ut, kakene vert piska saman og steikte og sausar og suppe vert kokte.

Lokale råvarer

 

Vi legg vekt på å handle frå lokale leverandørar:
Lammekjøt av villsau tek vi imot kvar haust frå Janne og Jan Halvard Møgedal. Vi saltar komlekjøtet, og det ferske kjøtet vert nytta til pita, lammekoteletter, skankar og gryterettar.
Kalvekjøt får vi frå garden Rød i Erfjord, frå Tormod Skeie.
Anguskjøt får vi frå Vetrhus i grenda Bråtveit i Suldal, frå Jacob Vetrhus og Lene Bjørgeengen.
Hjortekjøt får vi frå Eventus i Suldal
Laksen kjem frå Mikals Laks på Skiftun, i nabokommunen Hjelmeland.


.
FaceBook