Historia om Fargeriet


Fargeriet Kafé opna i september 1994, i eit eldre sjarmerande trehus i hovudgata på Sand.
Her kan du få mat og bakverk servert i intime og trivelige lokalar.

Namnet Fargeriet skriv seg frå den tida fargemeister Røgenæs eigde huset. Han flytta inn med familien sin i 1894. Fargarverkstaden var i kjellaren i hovudhuset. Her kom folk med heime-vovne tøyrullar som dei fekk farga. Anders Røgenæs (1855 – 1943) og kona Mette Larsdatter Tvedt (1866 – 1948) fikk 9 born og familien levde av dette handverket, fram til om lag 1920.
Dottera Liv Røgenæs og sonen Arne Røgenæs opna ”Sand Kaffistove” i mars 1946 i lokalet her i 1.etasje og kaféen var i drift til byrjinga av 1960-talet.
Sidan dreiv Haldis Rørvik kolonialforretning her fram til februar 1993. Det var den siste krambua på Sand som då blei nedlagt.

.
FaceBook